søndag 24. mai 2009

Merking av løype til Trongedalsnuten






Torsdag den 21.mai 2009 var dagen Gjøvdal Friluftslag hadde sett av til å merke ei turløype til det høgaste toppunktet i Åmli kommune, Trongedalsnuten. Trongedalsnuten ligg 929 moh, som utruleg nok lignar på kommunenummeret til Åmli som er 0929. Gjøvdal Friluftslag avtalte å gå turen med dei lokale kjentmennane Nils Ånund Smeland og Olav Vehus. Løypa opp til Trongedalsnuten blei merka med blått. Start og parkering til løypa er ved Smelandsfjella i Gjøvdal. Dette er ikkje den kortaste vegen til Trongedalsnuten, men den finaste som kan merkast frå kommunal bilveg.

Den 20.juni klokka 09.00 inviterar Gjøvdal Friluftslag til ei offisiell opning av denne turløypa. Då håpar me at Tellef erverdig kan klyppe den raude snora med starten av turløypa. Er det fint og tørt vær blir det felles tur opp til Trongedalsnuten. Vi gjer oppmerksom på, at dette er den lengste og tøffaste turløypa med ei estimert gåtid på 9 timar. Så dette er ”tøffingløypa” av dei 7 toppturane i Åmli!

Blir det regn, blir fellesturen lagt til Gjevdenuten denne dagen. 
Dette fordi dei bratte fjella blir særdeles glatte i regnvær. 

Dei som deltok på turen: Astrid Raudåna, Aslak Raudåna, Magne Hansen, Anne Lise Skjeggedal, Olav Vehus og Nils Ånund Smeland

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar